Gå ikke glipp av Ryfjordseilasen 8. september 2007!

RYFYLKE TREBåTBYGGJERI
Eigar:Jørn Magne Flesjå
Adresse: Judaberg, 4160 FINNØY
Ryfylke Trebåtbyggeri blei starta i 1993 og i jula 1998 sette me opp
sperra på nytt byggjeri. Det ligg i "vannkanten" ved småbåthamna Få på
Judaberg i Finnøy kommune. Byggjeriet sysselset 3 personar på heiltid
og vi leigar inn folk i tillegg på store prosjekt. Eigar og dagleg
leiar, Jørn Magne Flesjå, er utdanna tømrar og båtbyggjar ved
båtbyggjarskulen i Jondal (1991-1993).
Jobbane våre består i å byggje tradisjonelle Ryfylkebåtar som Aslak-,
Olsa- og Tingvikbåtar. I tillegg har vi mange jobbar med ombyggjing og
innredning av trebåtar. Vi byggjer også større båtar som Ryfjord 35'
som er ein sjark konstruert av oss.
Byggjeriet kan byggja og ta inn båtar til ombyggjing og reparasjon på inntil 50´.
Kikk på våre sider og få eit inntrykk av vårt tilbod. I tillegg har me
lagt ut litt historie bak mellom anna Aslakbåten for dei som er
spesielt interesserte.